Vi starta møtet med forventningsavklaring og individuelle bidrag til arbeidet mot ny kommune. Prosjektkoordinator Kjell Einar Barsnes presenterte status og kartlegging frå alle dei administrative arbeidsgruppene. Deltakarane hadde mange innspel og spørsmål og det førte til viktige refleksjonar. 

Gruppebilete med dei tre ordførarane i spissen

Fredagen vart nytta til å gå gjennom førebels masterplan, ei bruttoliste presentert av prosjektrådmann Stig Arne Thune. Til saman 47 prosjektområde vart trekte fram og diskuterte.
Kvar einskild vart utfordra til å prioritere eitt område. Soleis fekk vi snevra inn tre viktige fokus på kort sikt framover. Deretter fekk alle spele inn styrker, veikskapar, moglegheiter og trugsmål i ein risiko- og sårbarheitsanalyse. Presentasjon av prosjektrådmann

Stig Arne Thune presenterte ei planskisse over aktivitetar for innbyggjarinvolvering frå april til og med desember 2018. Det vart lagt vekt på å vere synlege der folk ferdast og på skulane rundt om, for å hente innspel og fremje engasjement blant folket. I tillegg vert næringsliv, lag og organisasjonar viktige. Diskusjon i administrativ styringsgruppe