Nye Sogndal deltek i utviklingsprosjektet "Samarbeid om digital kompetanse" som skal bidra til auka digitalisering i kommunane. 

​Hensikten med prosjektet er å gi innsikt og forståelse for hva det betyr at «framtiden er digital». Hvilke nye muligheter det gir for å utvikle framtidsrettet og bærekraftige tjenester, og hvilke nye kompetanser og ferdigheter kommunens medarbeidere og ledere må tilegne seg i det nye arbeidslivet. Involvering og forankring av medarbeiderne skal sikres gjennom lokalt partssamarbeid.

Prosjektet er i regi av kommunal- og moderniseringsdepertementet, KS og forhandlingssamanslutningane. IKT-prosjektleiar deltok saman med leiar av fellesnemnda, 2 hovudtillitsvalte og IKT-fagleiar i Sogndal i eit arbeidsseminar Måndag 22. - tysdag 23. oktober 2018.​ I tillegg til nye Sogndal deltok Stad, Gloppen, Luster, nye Volda, Stryn og Sunnfjord kommune.

Digital kompetanse er ein føresetnad for å skape betre og meir effektive tenester gjennom digitalisering. Fleire nasjonale digitaliseringsprosjekt vart presentert og samtlege kommunar presenterte status for eige digitaliseringsarbeid. Ein fekk råd om korleis ein lykkast med digitale omstillingsprosessar, korleis ein kan jobbe for å utvikle lærings- og innovasjonskultur og korleis ein kan sikre gjennomføringskraft og styring av digitalisering. Det vart sett av mykje tid til å arbeide med å konkretisere problemstillingane og moglegheitene innad i kommunen. I tillegg fekk ein inspirasjon og konkrete tilbakemeldingar frå dei andre kommunane.

Nye Sogndal skal arbeide vidare med å definere og etablere eit prosjekt som skal styrke digital kompetanse i kommunen gjennom tydelege mål og forventningar, kartlegging og gjennomføring av kompetansetiltak.

Kristine Hernes frå KS Kristine Hernes frå KS

Sjå https://www.komdigi.no/om_prosjektet for meir informasjon om prosjektet.