Stillinga vil i 2019 tilhøyra prosjektorganisasjonen, med hovudfokus på at Nye Sogndal gjennom IKT prosjekt skal planlegge og sikre at kommunen er fullt ut operativ frå 01.01.2020.

Vidare skal ein sikra at overføring av IKT drift frå dagens fylkeskommune til SYS IKT går saumlaust og skjer på effektivt vis. Alle delprosjekt i IKT feltet må kvalitetssikrast, og ein må ha stor fokus på effektiv prosjektstyring, men og ha strategisk fokus for den nye kommunen frå 2020.

Nye Sogndal er i etableringsfasen og er under kontinuerleg omstilling og endring. Avdelingsleiar for IKT og digitalisering vil få ei viktig rolle i dette arbeidet, både internt og eksternt. Me har under arbeid ein digitaliseringsstrategi, som skal vedtakast politisk. Me ønskjer å framstå som moderne, kostnadseffektiv og profesjonell i vår interne og eksterne kommunikasjon, og på alle plattformer.

Stillinga har stor breidde, som gjev mogelegheiter og variasjon.

Avdelingsleiar for IKT og digitalisering må sikra gode samhandlingsarenaer og rutinar på feltet, samt vere orientert om dei ulike sektorane sine faglege mogelegheiter og utfordringar, ein må leggje opp til tett samarbeid med driftsorganisasjonen SYS IKT, eigne medarbeidarar. Ein skal vidareutvikla IKT, slik at ein vidarefører og vidareutviklar kompetanse, effektivitet og service, slik at ein kan understøtta effektive arbeidsprosessar på alle nivå. Ein må lika utvikling, drift og ha god forståing for kommunal sektor, og dei utfordringar og mogelegheiter som kjem.

Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging og vidareutvikling av IKT- strategi
  • Driftsoppgåver, leiing av medarbeidarar og lærlingar
  • Sikra at me vert ein effektiv og god digital kommune med kostnadseffektive løysingar
  • Utvikling av ikt feltet på ulike områder
  • Tekniske løysingar som medverkar til effektiv innbyggjarinvolvering og brukarmedverknad; strategi og praktisk oppfølging
 
Formalkompetanse
  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis masternivå
Realkompetanse
  • Erfaring frå og med ikt utvikling og drift
  • Erfaring med prosjektleiing
  • Svært god og trygg formidlingsevne, skriftleg- og munnleg
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ønskjeleg
  • Fagleg oppdatert, analytisk, effektiv
  • Leiarerfaring er ønskjeleg
 
Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men på same tid ha gode samarbeidseigenskapar og motivere kollegaer
  • Fleksibel, dynamisk
  • Integritet
  • Vere positiv og engasjert
  • God formidlingsevne
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Initiativrik og sjølvstendig
  • Strukturert og engasjert
  • Løysingsorientert
Personlege eigenskapar som krevst i stillinga vil verte vektlagd.
 
Vi kan tilby
  • 100% fast stilling med oppstart etter avtale
  • Gunstig pensjonsordning og ulukkes- og gruppelivsforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift
  • Løn etter avtale
 
Arbeidsstad: Sogndal
 
For søknad
For spørsmål kontakt Tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.
 
Kontaktperson
Stig Arne Thune, Prosjektrådmann, mobil: 950 25 812, stig.arne.thune@sogndal.kommune.no
Marianne Skjeldestad Hove, Økonomisjef, mobil: 907 96 089, marianne.hove@sogndal.kommune.no