Fellesnemnda for Nye Sogndal kommune vedtok 6. juni 2018 at lag, organisasjonar og eldsjeler kan søkje tilskot opp til kr. 10 000 per tiltak eller arrangement. Målet er å styrkje samhaldet, skape felles opplevingar og tilknyting til den nye kommunen. Det er løyvd totalt kr. 100 000 i 2018 til desse føremåla. Om de treng meir plass til informasjon, kan de nytte eigne ark og vedlegg i tillegg til skjemaet under.

Søknadsskjema

Retningsliner

Søknad kan sendast til postmottak@sogndal.kommune.no,
eller Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal
Merk søknaden med "Bli kjent-fond."

Det er òg mogleg å levere søknad til rådhuset i Balestrand, kommunehuset i Sogndal og på  tinghuset i Leikanger.