I Noreg er det mogleg å førehandsrøyste heile seks veker før sjølve valdagen. I denne perioden kan du røyste i det førehandsrøystelokalet du måtte ønske i heile landet. Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på røystegjevinga si i Noreg. Det betyr at om du førehandsrøystar, så kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen.

Viktig at du tek med deg legitimasjon når du skal røyste, og ta gjerne med valkortet ditt.

Oversikt over vallokale ved førehandsrøysting i nye Sogndal kommune:

Balestrand:

  • Balestrand rådhus:
    Måndag – fredag 09.00 – 15.00
    Utvida opningstid torsdag 5. september 2019 fram til kl. 18.00
  • Sygna vidareåande skule:
    27. august, kl. 11.00 - 13.00
  • Balestrand helsetun:
    4. september, kl. 12.00 - 13.00

Leikanger:

  • Tinghuset på Leikanger:
    Måndag – fredag 09.00 – 15.00
    Utvida opningstid torsdag 5. september 2019 fram til kl. 18.00
  • Leikanger sjukeheim:
    4. september, kl. 12.00 - 13.00

Sogndal:

  • Kommunehuset i Sogndal:
    Måndag – fredag 09.00 – 15.00
    Utvida opningstid torsdagane 29. august og 5. september 2019 fram til kl. 18.00
  • Kantina på høgskulen:
    27. og 28. august 2019, kl. 09.30 – 14.30
  • Sogndal helse og omsorgssenter:
    3. september, kl. 09.00 – 11.30
  • Sogn psykiatrisenter (Rutlin):
    3. september, kl. 12.30 – 14.00
  • Busenteret i Fjærland
    4. september kl. 10.30 - 12.30

Ynskjer du å røyste heime?

Du må søkje kommunen om å få røyste heime, men det er ikkje naudsynt å gjere dette skriftleg. Det er nok å ta munnleg oss og fortelle dei at du ønskjer å røyste heime. Du kan ta kontakt med oss her:

  • Balestrand: 57 65 12 00
  • Leikanger: 57 65 56 00
  • Sogndal: 57 62 96 00 

Frist får å gje melding om å få røyste heime er sett til 3. september 2019.

Lurer du på kvar du kan røyste elles i landet, eller kva som er opningstidene er, finn du dette på vallokaler.no.