Bilde prosjektgruppa «Nye Sogndal kommune»Frå venstre Prosjektrådmann/Rådmann Stig Arne Thune, prosjektkoordinator Kjell Einar Barsnes og IKT- prosjektleiar Steinar Henriksen.
Stig Arne byrja 5. mars og Kjell Einar byrja 12.mars. 
Steinar har vore tilsett ei stund.

Steinar har kontor i Sogndal, men vil og arbeida ein del i Leikanger.
Stig Arne og Kjell Einar vil ha fast kontorstad på Leikanger, men prosjektrådmannen vil og ha tilgjengelege kontor i Balestrand og i Sogndal.

Arbeidet har no byrja, og ein ser på overordna masterplan for å skapa ein ny kommune.

Arbeidsgruppa vil freista å legge ut hyppig informasjon på denne sida.

For spørsmål ta gjerne kontakt med oss: Kjell.einar.barsnes@sogndal.kommune.no