Plan1
Plan- og forvaltningsutvalet: Frå venstre: Arne Glenn Flåten (H), Oddbjørn Bukve (SV), Ivar Slinde (Sp), Bodil Strand (Sp), Malén Røysum (Sp, leiar), Magne Bruland Selseng (Sp), Rita Navarsete (Frp), Lars Trygve Sæle (H) og Astrid Hove (Ap, vara for Stig Ove Ølmheim, Ap).

Plan- og forvaltningsutvalet

Plan- og forvaltningsutvalet hadde det første møtet tysdag 26. november.

Utvalet tek avgjersler i saker etter mynde frå kommunestyret. Utvalet er kommunen sitt faste organ for einskildsaker etter særlover. Døme på saker er reguleringsplanar, gebyrhandsaming, vegnamn og planprogram.

samfunnsutvikling1
Komité for samfunnsutvikling: Frå venstre: Anders Dale (Sp, vara for Ole Simen Nesdal, Sp), Tore Feten (Sp), Hans Christian Knutsen (SV, nestleiar), Bjarte Haugen (V), Kristin Rundsveen (Sp, leiar), Ståle Loftesnes (MDG), Solfrid Fossberg (H), Kjetil Kvåle (Ap, vara for Clara Øberg, Ap) og Laila Njøs Eikeland (Sp).

Komité for samfunnsutvikling

Komité for samfunnsutvikling møttes onsdag 27. november.

Komiteen skal kunne vere referansegruppe og ha medansvar for sektorplanar for området. Komiteen har innstillingsrett og skal kunna gje uttale til formannskap og kommunestyre om til dømes fordeling av midlar og kulturpris. Tema til komiteen kan vera samfunns- og næringsutvikling, landbruk og ressursforvalting, fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, integrering, uttale sal av skjenking og sal alkohol.

levekar1
Komité for levekår: Frå venstre: Glenn Erik Flåten (H), Per Hilleren (Sp), Antonella Patricia Ottone Vidal (Ap), Anna Hamre (SV), Margrete Haug (Krf, leiar), Gabriel Skjulhaug Yttri (Sp), Berit Marie Ruud (Sp), Ole Andre Aarvoll (Ap) og Henrik Johannesen Selvåg (Sp).

Komité for levekår

Torsdag 28. november var det komité for levekår som var samla på Tinghuset.

Komiteen skal kunne vere referansegruppe og ha medansvar for sektorplanar for området. Komiteen har innstillingsrett og skal kunne gje uttale til formannskap og kommunestyre om til dømes drift innan kommunalsjefområde helse og omsorg og oppvekst.