Det vart 1. oktober gjennomført folkemøte i Leikangerhallen der ordførarane i dei tre kommunane og prosjektrådmann hadde dialog om korleis dei vil sikre at politisk plattform dannar grunnlag for utvikling og samarbeid fram mot, og inn i, ny, større kommune.

Dette var det første av tre folkemøte i Leikanger, Sogndal og Balestrand. Knut Henning Grepstad leia panelet beståande av ordførarane Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd, Harald Offerdal, og prosjektrådman Stig Arne Thune.

folkemøte bakgrunn 2.png

På biletet over kan de sjå tre framlegg frå idékonkurransen om kommunevåpen. Frå venstre: Vinnarframlegget med tema Fjell, fjord og ein bautastein frå Maria Collett Knagenhjelm og Olav Arild Barsnes. Desse fekk førstepremie: ein sjekk på kr 5000, medan 2. plass gjekk til framlegget Sognejekt på fjorden av Helge Grønningsæter, som fekk kr. 3000. 3. plassen gjekk til skuleeleven Sander Osen Låksrud frå Kaupanger, som deltok med framlegget Tre eple på varm gulfarge. For dette framlegget mottok Sander kr. 1000. 

Leiar av Fellesnemnda for nye Sogndal kommune, Jarle Aarvoll, og varaordførar i Leikanger, Trude Risnes, delte ut premiane til 1. og 3. plass frå idékonkurransen. Løpet vidare er at seks framlegg til nytt kommunevåpen frå profesjonelle aktørar er på høyring fram til fristen 20. oktober. Deretter innstiller juryen, politisk arbeidsgruppe for felles kultur, identitet og symbol, ein vinnar til Fellesnemnda som handsamar saka 6. desember. Til sist skal saka opp i tre kommunestyre 13. desember 2018.

Kommunevåpen premiar

20181001_181144.jpg

Kai Martin Brekke og Tor Talle spelte og song for publikum i Leikangerhallen. Dei kring 80 frammøtte applauderte musikantane som både først og sist i programmet underheldt salen. Med litt humor, alvor og satire fekk publikum og deltakarpanel senke skuldrene litt. Panelet i sofaen bestod av ordførarane og prosjektrådmannen. Ordstyrar Knut Henning Grepstad stilte dei krevande og store spørsmål, som dei greia ut om. Likeeins fekk publikum stille sine spørsmål, om tema som informasjonsbehov, frivillig arbeid, trivsel, medverknad og engasjement blant ungdom. Mange bad om ordet, om diverse relevante problemstillingar. Eit tema som vekka salen, var lokasjonen til kommuneadministrasjonen. I politisk plattform er Leikanger trekt fram som administrasjonsstad. Grepstad spurte om det er gjeve at Leikanger vert administrasjonsstad i meir enn berre den nære framtida. Panelet avviste at det er mellombels, og roa ned uvissa kring det temaet for nokon og einkvar. Å gjere informasjonen ut enklare og endå meir tilgjengeleg, var ein klår bodskap ein deltakar gav administrasjonen. Prosjektgruppa var takksame for oppslutnad og attendemeldingar. Vi fekk understreka frå både politisk og administrativ toppleiing at gode tenester til innbyggjarane er førsteprioritet. Godt samarbeid, trivsel og vekst i heile kommunen, er andre mål vi saman skal trygge.

Sofapanelet

Frå venstre: Ordførar i Balestrand kommune, Harald Offerdal, ordførar i Sogndal kommune og leiar av fellesnemnda for nye Sogndal kommune, Jarle Aarvoll, ordførar i Leikanger kommune og nestleiar av fellesnemnda for nye Sogndal kommune, Jon Håkon Odd, prosjektrådmann Stig Arne Thune, og konferansier Knut Henning Grepstad.

publikum.jpg

Kring 80 innbyggjarar kom til folkemøtet 1. oktober. 

Sjå høgdepunkt på video.

Møtet i si fulle lengde kan de sjå att her.