Prosjektet Framtidas lokaldemokrati i dei nye kommunane er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og nye Sogndal kommune er ein av dei 32 deltakarane. Under prosjektleiarsamlinga i Sandnes 29. og 30. mai deltok prosjektkoordinator Kjell Einar Barsnes og kommunalsjef/prosjektmedarbeidar Marit Hagevik på vegner av prosjektrådmann Stig Arne Thune, og leiar av arbeidsgruppa i nye Sogndal, Jon Håkon Odd. Det var dessutan to samlingar i 2017, og ein konferanse er planlagd i Trondheim 25. og 26. september.

Horrigmo.jpg

Statssekretær Aase Marthe Horrigmo.


Mange står på og brenn for lokaldemokratiet. Å fornye demokratiet er ei krevjande problemstilling, som kan opplevast abstrakt. I innleiinga sa statssekretær Aase Marthe Horrigmo at vi er midt i ei historisk endring, 119 skal reduserast til 47 nye kommunar. Noreg blir beståande av 356 kommunar i 2020. 32 av 47 konstellasjonar deltok under samlinga i Sandnes. Med dette som eitt av fleire tiltak skal vi byggje nytt og betre lokaldemokrati med nye symbol. Innbyggjarane forventar meir av kommunale tenester, samstundes som dei ønskjer å verte høyrde. Større kommunar tyder annleis demokrati. Under samlinga fekk deltakarane høyre representantar frå mellom anna Sandnes, Ålesund, Kristiansand, Indre Fosen, Bodø og Asker kommunar.

Glimt frå Noreg

«Treff vi framleis ordføraren på butikken om to år?» spurte nokon seg  i nye Kristiandsand. Styrka lokaldemokrati er eit mål for kommunereforma. Ved å setje dette på dagsorden tidleg, kan vi verte eit betre lokaldemokrati. Viktige tema som vart diskuterte, var politisk organisering, arbeidsmåtar, medverknadsordningar og nye digitale løysingar. Kva skal til for å løfte vårt lokaldemokrati? «Dette er ein jobb vi må stå i, i mange år. Men vi er godt skodd for å lukkast med dette,» avslutta statssekretæren. Varaordførar Pål Morten Borgli frå Sandnes greia ut om Prinsippdokument, kommunestyre med 49 medlemmar, kommunevåpenet Preikestolen i Forsand, lokaldemokrati og politisk styring, samfunnsutvikling, næring og samferdsle, effektive tenester til innbyggjarane med nærleiksprinsipp til grunn. Korleis finne balanse mellom ulike omsyn når ein planlegg det nye lokaldemokratiet? Skal politikarane gå ned i detaljnivå, eller opp til dei store strategiane? Kva skal kommunepolitikarane drive med? 

Roiseland.jpg

Det er no jobben startar, var tittelen på ei inspirerande innleiing. «I norske kommunar føregår det viktige eksperiment, men desse får mindre merksemd enn dei fortener,» opna Asbjørn Røiseland frå Nord universitet. Han presenterte lærdommar frå kommunereforma på 1960-talet, og meinte at det er feil å kalle den reforma ei tvangsreform. Det var ein komité som føreslo prosessen. Ein suksessfaktor i denne reforma er å klare å forme eit nytt politisk/demokratisk fellesskap, å lukkast med politisk demokratisk integrasjon, å danne ein heilskap.
Eit tiltak kan vere å opprette eit Oppgåveutval med politikarar og «lekfolk.» 

Indre Fosen «fann opp» månadshjulet

Eitt godt råd frå rådmann i Indre Fosen, Vigdis Bolaas, er å følgje eit månadshjul. I hjulet deira startar først arbeidsgrupper samla i møte, deretter vert det gjennomført administrativ styringsgruppe i etterkant, der ein planlegger saker til fellesnemnda. «Vi er opptekne av store samfunnsutviklingssaker, for å få opp engasjementet om store ting som tomtar, bustad, stadsutvikling med meir. Det er ikkje så dumt å verte større, for det vert tyngre politisk trykk, med mange innbyggjarar bak.» Indre Fosen vart sett i verk frå 1. januar 2018 og består av tidlegare Rissa og Leksvik kommunar. Politisk organisering vart sett i verk eitt år før samanslåing.

Bolaas.jpg

«Vi lærte mykje av prosessen med utvikling av delegasjonsreglement: eitt reglement galdt i prosjektperioden, men til saman hadde vi tre: eitt for fellesnemnda og eitt for kvar einskild kommune.» 
Den verste utfordringa er at sentraladministrasjonen er delt på to lokasjonar. «Vi treng å vere samla i leiargruppa. Nokre var negative, og folkerøystinga var delt 50/50 i Leksvik. Å leggje det opp slik at heile fellesnemnda er konstruktiv, er essensielt." Ei løysing Bolaas nemnde er å leggje dei store sakene til fellesnemnda med ein gong, når dei skal snakka med fylkeskommunen om samferdsle osb. «Få alle medarbeidarane med på laget, og hugs å feire små suksessar.»

Slagkraft, attraktivitet og identitet

Rådmann i Ørskog kommune, Synnøve Vasstrand Synnes, greia ut om Nye Ålesund: Ein kommune med visjonen nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet. Kommunane Haram, Sandøy, Skodje og Ålesund skal danne ein ny kommune. Dei vil vitalisere lokaldemokratiet og utvikle nye, effektive metodar for innbyggjarmedverknad. Komitear og ad hoc-utval førebur saker til kommunestyret.

Synnes.jpg

Vidare presenterte rådgjevar Anne Aunevik frå nye Kristiansand deira oppgåveutval. Kristiansand, Søgne og Songdalen er ulike, men likeverdige partar i samarbeidet. Fellesnemnda drog på studietur til Danmark, fekk innspel frå forskarar, og sette deretter ned to utval for politisk struktur. Deretter vart administrativ organisering avgjord. Dei ville heller ha oppgåveutval enn kommunedelsutval. Aunevik meinte modellen deira gjer det interessant å vere lokalpolitikar. Som største part, gav Kristiansand frå seg ein del makt, og det bidrog til løysingsorienterte prosessar. Forutan dette laga dei til workshops for ungdommar, om lokalsamfunnet og korleis det fungerer. Engasjementet vart soleis styrka. Nokre trur at dei får det verre etter samanslåing, og difor er det viktig med informasjon som viser det motsette, presiserte rådgjevaren.

Kommunedelsutval: avgrensing, val og avgjerdsmynde

Forskaren Jan Erling Klausen frå Universitetet i Oslo slo fast at Noreg ligg på første plass i internasjonale demokratiindeksar. Vi har mange politikarar, og lokalpolitikarane er ‘hjørnesteinen’ i demokratiet. Eit tiltak for å fremje lokaldemokratiet, er lokale råd, også kjende som kommunedelsutval. Frå Vejle kommune i Danmark fekk vi høyre Morten Skovlund om dei 5 tidlegare kommunane, som med sin byar og landsbyar har til saman 29 lokalråd. Desse råda skaper meir liv i lokale stadar. 

Sommerstad.jpg

Bjarne Sommerstad, tidlegare ordførar i Andebu, snakka med iver om nærmiljøutvala, som med administrative ressursar utgjer eit nærdemokrati med «meningers mot.» I ein påfølgjande dialog framheva han relevansen av nøye kartlegging av eksisterande lag og organisasjonar so vel som foreldreutval i barnehagar og skular, for å kunne leggje til rette for oppretting av utval. Slike utval vert nytta som høyringsinstansar og Sommerstads råd er at utvala er upolitiske. Alle over 16 år kan verte valde til kommunedelsutval, og det kan vere ein sum tilskotsmidlar utvala kan søkje om. Alle som bur i dei geografiske einingane kan stille til årsmøtet, og det kan vere tenleg å utfordre «dei som ikkje skrik høgast» til deltaking.
Til sist vart digitale løysingar for medverknad presenterte av Andreas Cederbom frå FUNKA og kommunalråd ved den norske delegasjonen i Brussel, Eivind Lorentsen, gjorde greie for høve til EU-finansiering av digitalisering. Under samlinga kom det fram at kommunekonstellasjonane deler mykje kunnskap, men vi vart oppfordra til å dele endå meir, både gjennom KS Læring og våre nettsider. Les meir om prosjektleiarsamlinga og last ned presentasjonar her.

Cederbom.jpg

Hagevik.jpg