Av alle dei gode forslaga skal juryen velje ut kring tolv teikningar/skisser med grunngjevingar. I samarbeid med Sogn Avis vert det gjennomført ei avstemming og «folkets favorittar» vert kåra. Dei framlegga som får flest stemmer vert premierte slik: nr 1: kr 5.000, nr 2: kr 3.000, nr 3: kr 1.000. Medlemmane av juryen utgjer den politiske arbeidsgruppa "Felles kultur, identitet og symbol."

Sagatun 2.JPG

Sjetteklassingar frå Sagatun skule viser fram nokre av forslaga til nytt kommunevåpen. 

Medlemmar frå arbeidsgruppa har besøkt alle skulane i Balestrand, Leikanger og Sogndal. Slik har dei nådd mange born og unge. Borna og ungdommane har fått eit forhold til både kommunesamanslåinga og kommunevåpen. Både arbeidsgruppa og administrasjonen har hatt glede av all kreativitet, og takkar folket for forslaga.

Ordførarane Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd og Harald Offerdal har dessutan fremja engasjementet hjå born og unge i alle dei tre noverande kommunane. Dei har også besøkt skular og fått flust med innspel, meiningar so vel som gode spørsmål. Leiar av Fellesnemnda, Jarle Aavoll, utfordra mellom anna ungdommen til å seie noko om kva som er typisk for systrendingar, balestrendingar og sogndøler. Store spørsmål som vekkjer både humør og kreativitet hjå nokon og einkvar. Juryen har møte 26. juni og ser fram til å verte godt kjende med ideane.

Harald N Offerdal.jpg

Sagatun skule.jpg

Sagatun 4.jpg