Alle kandidatar må vere innført i folkeregisteret som busett i Balestrand, leikanger eller Sogndal kommune på valdagen. Listeforslaget skal innehalde kandidatane sine fornamn, etternamn og fødselsår.

På røystesetlane er førenamn og etternamn avgrensa til maksimalt 30 teikn (inklusivt mellomrom). Det er viktig å angi korleis namn som er lenger enn 30 teikn skal forkortast og visast på røystesetelen.

Stilling og bustad kan takast med dersom det er ønskeleg, men ver merksam på at det er avgrensa plass på røystesetelen (23 teikn, inklusivt mellomrom). Ved fare for forveksling skal stilling og/eller bustad bli oppgjeve.

NB! Dersom stilling eller bustad vert ført opp, må dette bli gjort for alle kandidatane på lista.
Når det gjeld kven som blir nominert/oppført på listeforslaget er det viktig å vere klar over at alle som står oppført har rett til å krevje seg fritatt frå val, jf. vallova § 3-4.