Dette er ein prosess som ingen av oss har vore gjennom tidligare, så her må me alle tileigne oss ny kunnskap. I arbeidet vil me nytte kunnskap og erfaring frå andre kommunar som enten har slått seg saman eller har kome lenger i prosessen enn oss.
Det har vore ei hektisk møteverksemd i haust. Prosessen er godt i gang og dei fleste formaliteter er på plass.
Ein har motteke 30,8 millionar til fellesnemnda til arbeidet med omstilling til ny kommune. I tillegg har me motteke 4 millionar til infrastruktur - fordelt slik:
- 1 million til planlegging av Esefjord-bru
- 1 million til hangar på Haukåsen lufthamn
- 2 millionar til IKT
Slik vil arbeidet vere organisert fram mot 2020:
Fellesnemnd – 19 medlemmar
Administrativ styringsgruppe: 7 medlemmar
Partssamansett utval: 11 medlemmar (Administrasjonsutval)
- Prosjekt for felles kultur, identitet og symbol (mellom anna kommunevåpen, ordførarkjede, aktivitetsplan for kultur- og identitetsbygging)
- Prosjekt for utvikling av lokaldemokrati – prosjekt for korleis involvere innbyggjarane i dei tre kommunane i bygging av ny kommune, jf. dokumentet Politisk plattform.
Sjå og sidene til kommunal- og moderniseringsdepartementet. - Ordning for godtgjersle og frikjøp til representantar og tilsette.
- Val av partssamansett utval
- IKT/digitalisering
- Arkiv
- Personal
- Økonomi/rekneskap
- Kultur
- Teknisk
- Helse/omsorg
- Oppvekst