Etter drøfting og avklaring med tillitsvalde vert stillinga lyst ut internt. Stillinga er 100% fast stilling og vil vere ledig frå 01.01.2020.

Stillingsinformasjon
Avdeling Skatt er organisert under økonomisjefen, der økonomisjefen er næraste leiar. Økonomisjef rapporterer direkte til Rådmann. Kartet ser i dag slik ut:

org-kart økonomi

Avdelingsleiar Skatt vert ein del av Økonomisjefen si leiargruppe, i lag med avdelingsleiar rekneskap og avdelingsleiar Controller. Som ein del av leiargruppa må avdelingsleiar vere ein bidragsytar mht utvikling og effektiv drift for heile Økonomisjefsområdet. 

Avdelingsleiar Skatt vil få ansvar for fagområde skatterekneskap, skatteoppkrevjar, arbeidsgjevarkontroll og eigedomsskatt. 

Arbeidet vert til ein kvar tid regulert av lover, forskrifter, regelverk og interne rutinar. Det vert føresett at avdelingsleiar skatt til ein kvar tid er fagleg oppdatert, sikrar gode interne rutinar og at desse vert oppdatert og etterlevd. Vidare at vedkommande er ein pådrivar for å forenkle og effektivisere prosessar. Vi ynskjer ein sterk fagperson i stillinga som avdelingsleiar Skatt då ein del av stillinga er knytt til rapportering og dialog med skatteetaten.  

Avdelingsleiar vil få vere med å bygge og forme den nye avdelinga saman med økonomisjef og dei tilsette i avdelinga. Avdelingsleiar vil ha leiaransvar som omfattar fagansvar, økonomisk ansvar og personalansvar. Eksakt delegasjon vert spesifisert i delegasjon frå økonomisjef.

Krav til stillinga
Det er utarbeida og godkjent ei stillingsbeskriving/kravspesifikasjon for stillinga. Det går her fram innhald i stillinga, ulike sider ved leiarrolla, kompetansekrav og personlege eigenskaper som er ynskt. Denne er vedlagt stillingsutlysinga, og det vert vist til denne.

Søknad – form/omfang
Då dette er ei intern utlysing ynskjer vi berre ein enkel søknad for å få avklart interesse. Søknaden kan sendast som ein e-post eller enkelt brev/søknad. Kommunen har i utgangspunktet naudsynt informasjon om noverande stilling og praksis. Dersom ein meiner noko kan vere uklart eller ufullstendig registrert i personalmappe, ber vi om at dette vert nemnd i søknaden. 

Tilsetjing
Vi vil gå gjennom søknadene saman med representant for tillitsvalde. Dei som kan vere kvalifiserte vil bli kalla inn til eit intervju/jobbsamtale der representant for tillitsvalde vil vere med. Søkjar kan i tillegg ha med ein lokal tillitsvald om ein ynskjer det. I intervjusamtalen vil vi gå nærare inn på kvalifikasjonar, særskild praksis og erfaring som er relevant for stillinga.

Løn
Løn etter avtale basert på vedteken lønsstruktur. 

Søknadsfrist m.m. 
Søknadsfrist er 30.04. Ein tek sikte på å gjennomføre intervju og tilsette i stillinga i veke 19. 
Søknaden vert å sende postmottak@sogndal.kommune.no

Kontaktperson ved spørsmål knytt til stillinga
Marianne Skjeldestad Hove, økonomisjef nye Sogndal Kommune, tlf 90796089, marianne.hove@sogndal.kommune.no

 
Kravspesifikasjon for stillinga
Omtale av stillinga
Avdeling Skatt er organisert under økonomisjefen, der økonomisjefen er næraste leiar. Økonomisjef rapporterer direkte til Rådmann.
 
Avdelingsleiar Skatt vert ein del av Økonomisjefen si leiargruppe, i lag med avdelingsleiar rekneskap og avdelingsleiar Controller. Som ein del av leiargruppa må avdelingsleiar vere ein bidragsytar mht utvikling og effektiv drift for heile Økonomisjefsområdet. 

Avdelingsleiar Skatt har dagleg fag-, økonomi- og personalansvar for avdelinga. Avdelingsleiar Skatt skal ha ansvar for fagområde skatterekneskap, skatteoppkrevjar, arbeidsgjevarkontroll og eigedomsskatt. 

Arbeidet vert til ein kvar tid regulert av lover, forskrifter, regelverk og interne rutinar. Det vert føresett at avdelingsleiar skatt til ein kvar tid er fagleg oppdatert, sikrar gode interne rutinar  og at desse vert oppdatert og etterlevd. Vidare at vedkommande er ein pådrivar for å forenkle og effektivisere prosessar. Vi ynskjer ein sterk fagperson i stillinga som avdelingsleiar Skatt då ein del av stillinga er knytt til rapportering og dialog med skatteetaten.

Oppgåver
  • Vere med å vidareutvikle og effektivisere heile økonomisjefsområde
  • Vere kontaktperson for Skatteetaten
  • Kvalitetssikra, vidareutvikla gode rekneskapsmessige og interne kontrollrutinar for nye Sogndal kommune
  • Ha ansvar for skatterekneskap, skatteoppkrevjing, arbeidsgjevarkontroll, eigedomsskatt og lovpålagde rapporteringar 
  • Sikre gode faglege analyser
  • Ha dagleg personal- fag- og økonomiansvar for avdelinga

Kompetansekrav, utdanning, praksis

Formalkompetanse:

  • Bachelor i økonomi eller tilsvarande utdanning

Realkompetanse:

  • Erfaring innanfor ansvarsområde
  • Sakshandsaming innan offentleg administrasjon
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Andre krav til stillinga Personlege eigenskapar:
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men på same tid ha gode samarbeidseigenskapar og motivere medarbeidarar på avdelinga
  • Vere positiv og engasjert
  • Arbeide nøyaktig, strukturert og effektivt
  • Ha gode datakunnskapar og god systemforståing
  • Ha gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Andre ynskelege kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar som krevst i stillinga vil verte vektlagd.