301 forslag vart sendte til juryen på førehand, og dei var spente på å sjå desse. Administrasjonen kategoriserte sju typar idear, som juryen vidare vurderte opp mot kriteria for det endelege utvalet. Utgangspunktet var at kommunevåpenet skal vere nytt. Målet var å sitje att med opp til 20 forslag som går vidare i konkurransen. Fire tema peika seg ut og står att som gode idear å byggje eit kommunevåpen på. Forslaga er frå både vaksne og ungar. "Det var grådig mange fine teikningar, som vi vil vise fram," presiserte leiar av gruppa, Aud Kari Isane (SV). Alle ideane kan bli publiserte i Sogn Avis i sommar.

Jury 4.jpg

Saman med Rita Navarsete (FrP), Frode Bøthun (KrF), Kjetil Kvåle (Ap) og Trude Risnes (V), gjekk Aud Kari Isane gjennom framlegg til kommunevåpen. "Vi er meir opptekne av kva vi har felles, enn kva som skil oss." Slik oppsummerte medlemmane arbeidet sitt som jury. "Eit symbol som dette skal vere samlande for innbyggjarane, og bitte historie og framtid saman. Med natur og kultur kan det representere både utvikling og vekst. Dessutan bør kommunevåpenet vere tidlaust."

Element frå folkets favoritt, som altso vert kåra i haust, skal vere med i framlegget til kommunevåpen. Det endelege framlegget vert utforma av ein profesjonell aktør, og må godkjennast av fellesnemnda og dei tre kommunestyra i Balestrand, Leikanger og Sogndal kommunar. Ungdomsråda og personar med særskilt kompetanse på historie og heraldikk, skal fungere som høyringsinstansar.

Jury 1.jpg

 

Jury 3.jpg