Forslaget med fjell, fjord, himmel og bautastein frå Maria Collett Knagenhjelm og Olav Arild Barsnes vart best likt i røystinga til nytt kommunevåpen. Sogn Avis hadde open røysting for alle  frå 17-31. august, og fekk heile 2826 stemmer. Juryen valde 20 framlegg som alle kunne røyste mellom. Sjølve fortel Maria og Olav Arild til Sogn Avis at dei ville finne ein fellesnemnar for området vårt. Les intervju med dei i nettavisa. Vi gratulerer vinnarane. Ein gratulasjon går også til Helge Grønningsæter som fekk andreplass med Sognejekt på fjorden, og til Sander Osen Låksrud som kom på tredjeplass med Tre eple på varm gulfarge. Premiane på kr 5000, kr 3000 og kr 1000 vert delte ut i Leikanger 1. oktober på kvelden.

Folkets favoritt.jpg

Maria Collett Knagenhjelm og Olav Arild Barsnes med sitt vinnarframlegg til nytt kommunevåpen.

Sognejekt på fjorden av Helge Grønningsæter.jpg

Andreplass: Sognejekt på fjorden av Helge Grønningsæter.

Tre eple på varm gulfarge av Sander Osen Låksrud.jpg

Tre eple på varm gulfarge av Sander Osen Låksrud.