Fredag 13. april fekk prosjektorganisasjonen ei omfattande orientering frå rådmann Odd Arve Rakstad, kommunalsjef Gunnar Steine, teknisk sjef Ervin Beheim, personalsjef Dagrun Røysum og økonomisjef Ingunn Broch Hauge. Denne administrative leiargruppa i Leikanger kommune står for personalleiing, økonomi, planarbeid, sakshandsaming og tiltaksarbeid. 

Leikanger kommune 1

Rådmannen gjekk først gjennom organisasjonskartet og svarte villig på spørsmål undervegs. Kommunalsjef for Helse, omsorg og oppvekst Gunnar Steine gjekk gjennom sine arbeidsområde, som også omfattar kultur, kommunale tenester i NAV, løyver og flyktningtenesta. Sidan det er snakk om store område, er ansvar i stor grad delegert til tenesteleiarane. Det vert gjennomført ei rekke månadlege samarbeidsmøte. Utfordringar med å dreie pleie- og omsorgstenestene frå institusjon til heimebasert omsorg, vert møtt med tiltak som dagtilbod, velferdsteknologi og byggjeplanar om bufellesskap for personar med demens. Kommunen styrkjer kapasiteten i barnehagane ma. gjennom ny avdeling i Sorenskrivargarden frå hausten 2018. 

Leikanger kommune 2

Leikanger kommune skal samlokalisere fleire kulturtilbod og rehabilitere bygningsmassen ved ungdomsskulen. Dagrun Røysum orienterte om ein stabil arbeidsstyrke. Dei tilsette trivest og det er lite uønska deltid. Det er fleire over 60 år og ein nyttar seniortiltak. Ingunn Broch Hauge gjekk gjennom økonomiske nøkkeltal, som viser varierande driftsresultat. Netto driftsresultat steig frå 2 % i 2016 til 7 % i 2017.  Til trass for høg gjeldsgrad og pressa kapasitet på utvikling, evaluering og analyse, er Leikanger ein stolt kommune med integritet og folkevekst. Tilhøyrarane opplevde optimisme, kompetanse og engasjement frå rådmannsgruppa.