Er du innført i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet i ein kommune.

Alle personar med røysterett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i folkeregisteret som busett per 30. juni i valåret. Om du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet (og har røysterett) i den kommunen du flytta frå.

Du kan sjekke om du står i manntalet på desse stadane:

Balestrand:

  • Balestrand rådhus
  • Fjordtun oppvekstsenter
  • Balestrand folkebibliotek

Leikanger:

  • Tinghuset på Leikanger
  • Leikanger folkebibliotek

Sogndal:

  • Coop Exstra - Kaupanger
  • Joker - Fjærland
  • Kommunehuset i Sogndal
  • Sogndal bibliotek


Finn du feil i manntalet, må du straks gje skriftleg melding til Sogndal valstyre, Postboks 153, 6851 Sogndal.

Valgdirektoratet har nå starta å sende ut valkort. Ta godt vare på dette og ta det med når du skal røyste.
Hugs leigitimasjon!