Aarvoll i kommunestyresalen.jpg

Foto: Halvor Farsund Storvik/NRK Sogn og Fjordane

Ordføraren fekk gode svar frå ungdommane på dei fem spørsmåla:
1. Kva meiner du me må satse på for å behalde ungdomen i kommunen/bygdene våre?
  • Eg meiner det burde vere fleire felles arrangement, for då får ein fleire gode minne (til dømes skulane).
  • Fleire idrettar ilag, arrangement som Kjeringi open, idrettsarrangement (fleire stevner på tvers av idrettslaga).
  • Ha fleire arrangement for å skape gode minne frå bygda (arrangement på tvers av skulane, idrettsarrangement på tvers av idrettslag).
  • Halde fram å byggje ut og ha dei same gode tenestene.
  • Fleire jobbmoglegheiter.
  • Idrett, plassar på vgs./studietilbod, friluft, kollektivtransport, samarbeid mellom skulane.
  • Fritidsaktivitetar (fotball, handball, korps)
  • Ungdomsarrangement/møteplassar.
 
 
2. Kva skal til for at du etter utdanning vil arbeida og bu i den nye kommunen vår, og kva skal til for at folk flytter til Nye Sogndal?
  • Eg vil at det skal vere like bra miljø her i framtida, som det er no, og at vi tek vare på naturen, for å forbetre friluftslivet.
  • Halde fram med å ha eit stort utval av aktivitetar.
  • Halde fram med å byggje ut sykkelstiar og skianlegg.
  • Eigedom, plassar å bu.
  • Kanskje litt større sentrum, finare i sentrum, fleire planter.
  • Friluft, trygt miljø.
  • Nye og fleire arbeidsplassar.
  • Ikkje så dyrt å bu her og god kvalitet t.d. skuletilbod og barnehage.
3. Kva meiner du er viktig for å sikre unge, vaksne og eldre tryggleik i nye Sogndal kommune?
  • At helsestasjon, politistasjon osb. ikkje vert sentralisert, slik at ein får hjelp når ein treng det.
  • Nattugler.
  • Gode lokale helsetenester, trygg bil- og sykkelveg og gangvegar, hyggeleg personell i helsetenestene og i kommunen elles.
  • Trafikksikre vegar, samarbeid mellom bedrifter og idrettslag, fleire sosiale arrangement.
  • Sikre ein plass å bu (bu heime lengst mogleg).
  • Dei har det bra.
  • Ulike kulturar skal bli behandla likt.
4. Kva trur du er dei største hindra for å lukkast med å skape ein ny kommune?
 
  • Om til dømes helsestasjon mm. blir sentralisert, og at folk ikkje får dei same tilboda dei treng.
  • For store avstandar.
  • Alle får ikkje dei tilboda dei treng.
  • Folk er ueinige.
  • Kvar skal ting vere?
  • Avstand.
  • Få folk til å møtast på tvers av plassane og trua på den nye kommunen.
  • Avstand til ungdomsklubb i den nye kommunen.
  • Avgifter.
  • Ungdomsråd og felles opplegg til UKM.
5. Kva meiner du er det viktigaste me som politikarar og administrasjon kan gjere for å skape ein felles identitet som ny kommune, og kva er viktig for deg?
  • Vis at de står i lag.
  • Vere meir på sosiale medium, nå ungdommen.
  • Møte på arrangement, vere synlege rett og slett.
  • Samarbeid mellom organisasjonar og idrettslag.
  • Ikkje for mykje sentralisering. Felles arrangement på tvers av kommunane.
  • Jobbe i lag og ha eit tett samarbeid.
  • Det som er viktig for meg er at samarbeidet byrjar tidleg, og at eg føler meg trygg og har det bra blir ein ny stor kommune.