Han gjorde greie for prosjektorganisasjonen og dei viktige rollene til dei tre rådmennene i Leikanger, Sogndal og Balestrand kommunar. So langt er fire i toppleiinga tilsette, medan to toppleiarar skal rekrutterast på helse, omsorg og velferdsfeltet so vel som økonomisjef. Kommunestyret fekk sjå overordna masterplan som syner aktivitetar kvartalsvis fram til 2020. Vidare informerte prosjektrådmannen om dei åtte administrative arbeidsgruppene og dei to politiske arbeidsgruppene. Publikum fekk sjå 3 av kring 250 forslag til nytt kommunevåpen. 

 

Av utfordringar vart informasjonsbehova trekte fram. Sjølv om ikkje alle tilsette og innbyggjarar vert påverka i særleg grad gjennom prosessen, vil alle ha god og oppdatert informasjon om kva som skjer, og kva som skal gå føre seg. Andre utfordringar er harmonisering av lønn, gebyr, felles dokumentsenter, eigna depot, IKT-løysingar og ikkje minst: samarbeid. Kommunestyret og publikum vart oppfordra til å følgje og like nye Sogndal kommune på Facebook. Oppmerksame og engasjerte folkevalde stilte fleire spørsmål om arkiv, infoarbeid og politisk organisering. Mange ventar i spaning på framhaldet.

Leikanger kommunestyre 2.jpg

 

 

 

Leikanger kommunstyre 4.jpg