Over 500 av dei tilsette i kommunane som vert Nye Sogndal kommune, møtte til personalsamlingane i Fosshaugane den 29. og 30. august. Vi fekk først god mat og vatn på flasker med bilete og kjenneteikn frå nye Sogndal kommune. Sogndal storband spelte fire flotte låtar til glede for publikum. Songar som "Moondance," "Feeling good" og "Happy" sette stemninga for samlingane.

 

Ordførarane Jarle Aarvoll og Harald Offerdal ønskte velkommen, og Jon Håkon Odd sende si helsing til alle tilsette. Toppleiargruppa følgde so opp med å presentere seg, og ytra tankar og refleksjonar om prosessen vi er inne i. Dei la vekt på kor viktige dei kommunetilsette er for innbyggjarane, og verdien av arbeidet for samfunnet.

 

Dessutan var omstilling og moglegheiter eit anna tema. Dagane som kjem og prosjekta vi i fellesskap jobbar med, krev store og koordinerte handlingar. Difor set vi stor pris på oppslutninga om arrangementa. 

 

Til sist heldt Trond Haukedal eit forrykande foredrag, som fekk oss til å le, tenkje og reflektere over eigne erfaringar og kjensler. På sitt heilt eigne vis tok han publikum med storm, og hausta latter, applaus og engasjement. Kva forskjell gjer vi i andre sine liv? spurte han mellom anna. Korleis kan vi nå vårt eigentlege potensiale i arbeidslivet? Haukedal fortalte mange historier frå sin praksis mellom anna som psykolog og annonsesjef i Bergens Tidende. Med omgrep som kjenslemessig eigenkapital motiverte han oss til å vere gode med oss sjølve so vel som våre kollegaer og medmenneska vi møter både heime, på fritida og på jobb. 

 

Tilsettesamling 2.jpg
Trond Haukedal.

Tilsettesamling 3.jpg

Ordførar Jarle Aarvoll og toppleiargruppa frå 2020: prosjektrådmann Stig Arne Thune, kommunalsjef for Plan, tekniske tenester og miljø Arne Abrahamsen, kommunalsjef for Helse, omsorg og velferd Åslaug Brænde, kommunalsjef for Fellestenester Marit Hagevik, økonomisjef Marianne Skjeldestad Hove og Ole Gunnar Krakhellen, kommunalsjef for Oppvekst.

Tilsettesamling 4.jpg

Sogndal storband.

Tilsettesamling 6.jpg

Fleire av dei tilsette frå Balestrand, Leikanger og Sogndal kommunar.

 

Tilsettesamling 8.jpg

 

Tilsettesamling 5.jpg

Tilsettesamling 7.jpg

Marianne Skjeldestad Hove, Åslaug Brænde, Marit Hagevik, Arne Abrahamsen, Ole Gunnar Krakhellen, Stig Arne Thune, ordførarar Harald Offerdal og Jarle Aarvoll.
(Alle foto: Kjell Einar Barsnes)