Den tverrpolitiske arbeidsgruppa om "felles kultur, identitet og symbol," som er leia av Aud Kari Isane (SV), er i full gang med arbeidet. Dei tek imot forslag til kommunevåpen. Prosessen for nytt kommunevåpen er i gang med ein annonsert idékonkurranse. Alle kan komme med forslag til postmottak@sogndal.kommune.no eller per post til Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal. Fristen er 15. juni 2018. 

Aud Kari Isane møtte prosjektrådmann Stig Arne Thune og koordinator Kjell Einar Barsnes, leiar for fellesnemnda/Ordførar Jarle Aarvoll og nestleiar/Ordførar Jon Håkon Odd (som dessutan leier politisk arbeidsgruppe Fornying og utvikling av lokaldemokratiet). I møtet vart grensesnittet mellom arbeidsgruppene diskutert, roller vart avklart, og prosessar og tidsplanar stod på agendaen.  

Politisk arbeidsgruppe Felles kultur

Problemstillingane handlar mellom anna om rekruttering til lokalpolitikken, kommunikasjon med frivillige lag og organisasjonar, næringslivet, og å koordinere prosessane på tvers av delprosjekta. Desse delprosjekta omfattar mellom anna åtte administrative arbeidsgrupper. 

Tema som kultur og identitet vekkjer sterke kjensler og stort engasjement. Målet i denne fasen er å nå ut til både unge og vaksne, slik at dei kjenner seg høyrde. Vi arbeider med styringsdokument som arbeidsgruppa skal evaluere ved neste møte 23. april. Få omgrep er so komplekse som kultur, og vi kan sjå på ordet som eit verk, ein prosess, verdiar, tradisjonar so vel som livssyn og levevis. Eit symbol som eit kommunevåpen skal stå seg over tid og tyde noko for mange. Viktig er det òg å skape gode opplevingar og minne i den nye kommunen.