Framlegg frå gruppa til høyring:

  1. Sogndal kommunestyre får 37 representantar. Sogndal kommune skal styrast etter formannskapsmodellen
  2. Formannskapet skal ha 9 representantar, i frå Sogndal kommunestyre
  3. Det skal vere prinsipp om gjennomgåande representasjon (*)
  4. Det vert oppretta eige planutval/forvaltningsutval med 9 medlemmer, med innstillingsmynde til kommunestyre og formannskap(*)
  5. Det vert oppretta to faste sakskomitear jf §10 a i kommunelova. Desse komiteane bør vere Komité for levekår (*) og Komité for og samfunnsutvikling(*). Komiteane bør ha ni medlemmer kvar. Dei har ikkje vedtaksmynde, men innstillingsrett ovanfor formannskap/kommunestyret
  6. Formannskapet vert valstyre
  7. Det skal opprettast eit kontrollutval på fem medlemmer. Eit kommunestyremedlem frå opposisjonspartia skal leie kontrollutvalet
  8. Det skal opprettast eit administrasjonsutval (AMU) på fem medlemmer, Ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar, samt to representantar på vegne av hovudsamanslutningane. Rådmann er sekretær for arbeidet (eller den rådmann peikar på)
  9. Det vert oppretta Råd for eldre, sju medlemmer
  10. Det vert oppretta Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, fem medlemmer
  11. Det vert oppretta Ungdomsråd, 13 medlemmer
  12. Det vert oppretta Idretts og friluftsliv- råd, ni medlemmer
  13. Det vert oppretta Innvandrarråd, fem medlemmer
  14. Det vert oppretta kulturråd, sju medlemmer
  15. Det vert oppretta viltnemnd, tre medlemmer
  16. Det vert oppretta sakkunnig nemnd for eigedomsskatt, fem medlemmer
  17. Det vert oppretta klagenemnd for eigedomsskatt, tre medlemmer
Når det gjeld Samarbeidsutval, stiftingar, legat, aksjeselskap og representantskap og samarbeidsutval med vidare, vert dette i eiga sak for det nye kommunestyret (konstituering 03.10. 2019).
 
Valreglar frå kommunelova om kjønnsrepresentasjon bør ligge til grunn. 
 
Generelt:
  • Prosjektrådmann må planlegge tilstrekkeleg administrative ressursar til å vere sekretariat for utval, komitear, råd, nemnder og styrer
  • Prosjektrådmann må sikra naudsynte kompetansehevingstiltak for medlemmene i desse råd/utval/styrer kort tid etter konstituering
  • Det skal gjennomførast minst årleg samtale mellom Kommunestyret (representert ved Ordførar, varaordførar og leiar opposisjon) og Rådmann. Saker er løn, måloppnåing, samarbeid,- meint som utviklingssamtale