Framlegg frå gruppa til høyring:
- Sogndal kommunestyre får 37 representantar. Sogndal kommune skal styrast etter formannskapsmodellen
- Formannskapet skal ha 9 representantar, i frå Sogndal kommunestyre
- Det skal vere prinsipp om gjennomgåande representasjon (*)
- Det vert oppretta eige planutval/forvaltningsutval med 9 medlemmer, med innstillingsmynde til kommunestyre og formannskap(*)
- Det vert oppretta to faste sakskomitear jf §10 a i kommunelova. Desse komiteane bør vere Komité for levekår (*) og Komité for og samfunnsutvikling(*). Komiteane bør ha ni medlemmer kvar. Dei har ikkje vedtaksmynde, men innstillingsrett ovanfor formannskap/kommunestyret
- Formannskapet vert valstyre
- Det skal opprettast eit kontrollutval på fem medlemmer. Eit kommunestyremedlem frå opposisjonspartia skal leie kontrollutvalet
- Det skal opprettast eit administrasjonsutval (AMU) på fem medlemmer, Ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar, samt to representantar på vegne av hovudsamanslutningane. Rådmann er sekretær for arbeidet (eller den rådmann peikar på)
- Det vert oppretta Råd for eldre, sju medlemmer
- Det vert oppretta Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, fem medlemmer
- Det vert oppretta Ungdomsråd, 13 medlemmer
- Det vert oppretta Idretts og friluftsliv- råd, ni medlemmer
- Det vert oppretta Innvandrarråd, fem medlemmer
- Det vert oppretta kulturråd, sju medlemmer
- Det vert oppretta viltnemnd, tre medlemmer
- Det vert oppretta sakkunnig nemnd for eigedomsskatt, fem medlemmer
- Det vert oppretta klagenemnd for eigedomsskatt, tre medlemmer
Når det gjeld Samarbeidsutval, stiftingar, legat, aksjeselskap og representantskap og samarbeidsutval med vidare, vert dette i eiga sak for det nye kommunestyret (konstituering 03.10. 2019).
Valreglar frå kommunelova om kjønnsrepresentasjon bør ligge til grunn.
Generelt:
- Prosjektrådmann må planlegge tilstrekkeleg administrative ressursar til å vere sekretariat for utval, komitear, råd, nemnder og styrer
- Prosjektrådmann må sikra naudsynte kompetansehevingstiltak for medlemmene i desse råd/utval/styrer kort tid etter konstituering
- Det skal gjennomførast minst årleg samtale mellom Kommunestyret (representert ved Ordførar, varaordførar og leiar opposisjon) og Rådmann. Saker er løn, måloppnåing, samarbeid,- meint som utviklingssamtale