Prosjektleiing Nye Sogndal kommune og rådmann Kjellaug Ekse Brekkhus og hennar leiargruppa i BalestrandVi fekk presentert organisasjonskart, og elles såg vi på Balestrand sine moglegheiter, utfordringar, driftsresultat og demografiske utvikling. Vi drøfta òg kort sjukefråvær og næringsutvikling. 

Det var eit særs godt møte med open dialog og aktiv deltaking frå alle deltakarane. 

Steinar gjennomførte samtalar med ikt-miljøet og Kjell Einar hadde eige møte med prosjektstøtteressursar som Balestrand aktivt har bidrege med.

Rådmann Kjellaug Brekkhus byrjar ved påsketider som ny rådmann i Høyanger.  Det var soleis kjekt å få treffe Svein Arne Skuggen Hoff som vert ny fungerande rådmann fram til Nye Sogndal er etablert. 

Sjølv om Balestrand er den minste kommunen, er Balestrand  ein likeverdig part i denne fusjoneringsprosessen. Prosjektet fekk stadfesta at Balestrand har dyktige medarbeidarar, som positivt vil bidra framover.