rosjektgruppa Nye Sogndal kommune og rådmannsgruppa i Sogndal kommuneProsjektorganisasjonen ved Steinar Henriksen, Kjell Einar Barsnes og prosjektrådmann Stig Arne Thune besøkte 22. mars rådmann Jostein Aanestad og leiargruppa hans. 

Vi fekk presentasjonar frå kvar sektor samt ei orientering, som rådmannen hadde framført i sitt utvida leiarmøte. Sogndal kommune har svært gode driftsresultat. Kommunen prioriterer utvikling og tenester framfør administrasjon. Vi fekk ein gjennomgang av «ti på topp» der første punkt er: «Vi skal gje arbeidet med etablering av nye Sogndal kommune høgaste prioritet både politisk og administrativt.» Det lovar godt for samarbeidet framover.

Kommunalsjef Jon Tvilde gjorde greie for Sogndal helse- og omsorgssenter, eit unikt bygg som skal vere klart for opning i desember 2018. Slik følgjer Sogndal kommune opp Samhandlingsreforma.

Frå sektor Oppvekst fekk vi presentert organisasjonskart, prosjekt og planar. Sogndal er eit samfunn i vekst og ber preg av unge ressursar på vidaregåande skule, Høgskulen  på Vestlandet og Sogndal Folkehøgskule. Nye Sogndal møtte ei rådmannsgruppe med engasjement og klåre råd for vegen vidare.