Formål: | Strategisk perspektiv NSK, førebu drift i NSK, sikre godt leiarskap | Dato: | 12.04.2019 |
Referent: | på omgang/SA | Møte: | Onsdag, kvar 14.dag |
Deltagere: Stig Arne Thune Marianne Skjeldestad Hove Arne Abrahamsen Åslaug Brende Marit Hagevik |
Agenda:
1. Innleiing
|
Forfall: Ole Gunnar |
Kopi: Rådmenn |
Punkt | Tekst | Ansvarleg | Tidsfrist |
---|---|---|---|
1 |
Innleiing Stig Arne ønska velkommen til møte i toppleiargruppa. |
||
2 |
3.1 Stillingar HTV vert med i prosessen, for å sikra involvering. Detaljplan er utarbeidd av prosjektrådmann og leiar personal i Leikanger. Plan er sendt HTV. Brei semje om utlysing av desse tre stillingane i leiargruppa, viktigheita av god open kommunikasjon syner seg både internt og ikkje minst eksternt. Omdømmebygging er viktig! Stillingane vert vurdert som naudsynte. Utlysing før påske. Inndekking av 2 nye stillingar i budsjettarbeid, ved hjelp av vakanser i andre stillingar. |
Stig Arne |
|
3.2. Plan for legetenesta
Legane har vore aktive og sjølv vore utviklarar. Prosjektrådmann og leiargruppa set stor pris på at legane har teke så stor grad av medverknad og eigarskap i dette viktige arbeidet.
|
Åslaug | ||
3.3. Leikanger har lyst ut leiarstilling
Dette er rapportert frå personalavdelinga i Sogndal, sak er ikkje sendt til omstillingsutval, slik avtala tilseier. Prosjektrådmann tek saka vidare med rådmann.
|
Stig Arne | ||
3.4. Økonomi
Mykje skal på plass til Fellesnemnda i mai; økonomireglement og finansreglement, samt prishefte. Me er i rute.
Me har kontakta NYE ASKER som «pilotkommune» for samanslåingane. Dei rapporterer at dei er på same stad i prosessen som Nye Sogndal kommune.
Status prishefte vert lagt fram for Fellesnemnda i mai. Gebyrregulativa er ulike og såleis og gebyra. Fellesnemnda vil få sjå status, men tilråding kjem etter signal/drøfting først i budsjettsamanheng haust 2019.
Budsjettarbeid i gang. Økonomisjef orienterte om prosess. Økonomileiarane i dei tre kommunane rapporterer om at dei har begrensa kapasitet til å bidra. Dette må takast pånytt opp med rådmennene. Kommunalsjefområda pliktar å rapportere om større endringar til Økonomisjef for 2019/2020.
|
Marianne | ||
3.5 Rapportering delprosjekt Har kome inn, ser bra ut. Kort orientering. |
Stig Arne | ||
3.5 Sjølvkost
Prisnipp for betaling av nokre tenester.
Ein har arbeidd med framlegg til forskrift for VA- gebyr, samt at ein har byrja med regulativ for VA.
Same prinsipp for byggesak, plansak og oppmåling
Her må me ha god dialog med Fellesnemnda og god plan for kommunikasjon med innbyggjarane våre.
Sak (forskrift VA) til Fellesnemnda i mai.
Generelt frå Plan og Samfunn:
Me må ha gode sektorplanar, dette må inngå i heilskapleg planstrategi
|
Arne | ||
3.6 Bemanningsplanar
I rute, kjem fortløpande til Administrativ styringsgruppe. Viser til plan laga av kommunalsjef.
Vaktordningar må og drøftast for Plan og samfunn (24/7 beredskap), prinsippa må inn i tilsetjingsbreva for aktuelle, og sjølvsagt drøftast med HTV. Må inn i retningsliner for arbeidstidsordningar.
|
Marit | ||
3 |
Neste møte Neste møte er avtalt til 30. april, men går ut då tree har meldt forfall og et ein samlast 2. og 3 mai. Dersom det er saker ein må ta, skal dei meldast Stig Arne på mail. |
Stig Arne | |
4 |
Evaluering Åslaug avslutta på fin måte med eit fint dikt. |
Alle |