Stad: Leikanger
Møteleiar: Stig Arne Thune
Til stade: Åslaug Brende, Marianne Skjeldestad Hove, Steinar Henriksen (deler av møtet), Marit Hagevik, Ole Gunnar Krakhellen, Tone Bakke
Forfall: Arne Abrahamsen
 
1. Digitaliseringsstrategi
  • Planlagt å ha klar digitaliseringsstrategi til juni, men vil prøve å framskunde arbeidet
  • Nye Stavanger og Nye Asker er føregangskommunar i arbeid med digitaliseringsstrategi
  • KS har anbefalt styringsstrategi i høve digitalisering
  • Bør ha innspelsrunde frå dei ulike einingane, viktig å inkludere drift i arbeidet
  • Steinar, som IKT ansvarleg, eig arbeidet og kallar inn Stig Arne og Marit til statusmøte digitaliseringsstrategi
  • Viktig at heile toppleiargruppa er involvert i arbeidet med digitaliseringsstrategi
2. Sak 10 – IST og Visma
  • Ole Gunnar informerte om IST – Visma, og prosessen som har vore og vil vera i tida framover. 
  • Fagsystema ligg til kommunalsjefane å kartleggje og å bestemme saman med IKT og andre einingar som har koplingar mot fagsystemet. 
  • Spørsmål frå Leikanger på temaet vert løfta fram i administrativ styringsgruppe
3. Leiarutvikling
  • Stig Arne tok opp aktuelle tema som vi jobbar vidare med
4. Sak 4 – FOU
  • Telemarksforsking og Tinkr (innovasjonskonsulentar)har eit forskingsprosjekt med tittelen «Skapande lokalsamfunn». Målet er å utvikla ein offensiv utviklingskultur i heile lokalsamfunnet – basert på ei strukturert tilnærming til samskaping. Nye Sogndal har fått henvendelse om å vere med i dette prosjektet. 
  • Åslaug informerer om  meldinga / reforma – «Leva heile livet» opp i neste leiarmøte i perspektiv med andre element i andre sektorar – «Helse skapast ikkje i helsevesenet – det skapast i lokalsamfunnet». 
5. Sak 5 – Velferdstiltak NSK
  • Saka kjem opp for nærmare utgreiing seinare
6. Sak 7 Bærekraftmål 
  • Tek saka opp når heil leiargruppa er samla
7. Sal 8 Tilsetting i stillingar
  • Personaleininga og omstillingsutvalet føl kap. 16 i aml ( Verksemdsoverdraging) ved tilsetting og innplassering i stillingar i nye Sogndal kommune.  
  • Marit vil gjere greie for tilnærming i administrativ styringsgruppe.
8. Sak 11 Samarbeid Kinn kommune
  • Tilbyr andre kommunar innkjøpskompetanse
  • Fylkeskommunen har sagt opp avtalar med kommunane med verkand frå 31. 12.2019
  • Blir råda til å ha eiga innkjøpsavdeling av fylkeskommunen
  • Stig Arne og Marianne besøker Florø for å få meir kjennskap til korleis dei jobbar
9. Sak 13 Prosjektplassering tilsette m.m. 
  • Stig Arne tek dette vidare til aktuelle kandidatar (bygg, IKT, økonomi). 
10. Nyhendebrosjyre 
  • Vi har henta inn tilbod frå tre ulike tilbydarar. Vi går for den som totalt sett har gjeve oss det beste tilbodet på pris. 
  • Tek kontakt med Håvard Nesbø for produksjon og I. H. Prenteverk for trykking. 
11. Sak 14 Fellesnemnd
  • Maj Britt har sendt oversikt til leiargruppa om kva saker som skal opp i neste FN
12. Sak 15 Leiarsamling
  • Leiarsamling med fokus på økonomi, styring og leiing
  • Leiarar, avdelingsleiarar
  • - 13. – 14. juni - Kviknes hotell, Balestrand
 
Referent Tone Bakke