Møte Toppleiargruppa
Dato 13.03.2019
Stad Sogndal
Til stades Stig Arne, Åslaug, Arne, Ole Gunnar, Marit, Bente (deler av møte), Marianne
 
Referent Marianne 
 ---------------------------------------------------------------------------------------------------     
1) Velkomen ved Stig Arne
Stig Arne ønskte velkomen og gjekk gjennom sakliste til møte.
 
2) Prosess for bemanningsplanar, tilsetjing i ulike sektorer. Kva behov har kommunalsjefane?     
Innleiing ved Marit. Drøfting.
  • Prosess for bemanningsplaner vart presentert i administrativ styringsgruppe 06.03. og denne vert no følgd av personaleininga og omstillingsutvalet.
  • Bemanningsplaner for oppvekst i Balestrand, Sogndal, Leikanger vart lagt fram i omstillingsutvalet 12.03.2019. Det var semje om planane på oppvekstfeltet i omstillingsutvalet. Planane vert nytta til utarbeiding av ny organisasjonsplan i tråd med organisasjonskartet på fagområdet for nye Sogndal kommune. 
  • Drøfting av bemanningsplanar i administrativ styringsgruppe vil skje i denne rekkefølga (uvisst kor mange møte det er behov for): 
1) Oppvekst 
2) Plan og Næring og Helse og Omsorg 
3) Stab og Støtte og Økonomi
  • Diskusjon rundt prosess innanfor dei ulike kommunalsjefområda. 
 
3) Kommunejuriststilling, orientering ved Stig Arne
Vi ynskjer å opprette ny stilling som kommunejurist i Nye Sogndal Kommune. Vi treng generalist som kan dekke fleire fagområde. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har sagt opp innkjøpssamarbeidet med kommunane frå 01.01.2020, vi treng difor bygge opp intern kompetanse på området. 
 
4) Prosjektstyring og videre forventninger ved Stig Arne
Leiargruppa fekk i oppdrag å oppdatere og spisse milepelsplanane for sine område, vidare å dra ut dei 5-6 viktigaste milepælane på sine område.  På personalfeltet vil ein i milepelsplanen ha fokus på dei to områda kollektive avtaler og individuelle avtalar.
 
5) Leiargruppeprosess ved Stig Arne
Stig Arne orienterte om planlagt prosess med ekstern rådgjever for å etablere oss som ny leiargruppe 
  • Individuelle samtalar med alle i toppleiargruppa
  • Første samling vert 2.-3. mai