Formål: Strategisk perspektiv NSK, førebu drift i NSK, sikre godt leiarskap Dato: 27.03.2019
Referent: Marianne Møte: Onsdag, kvar 14.dag
Deltagere:
Stig Arne Thune
Marianne Skjeldestad Hove Arne Abrahamsen
Åslaug Brende (del av møte) Marit Hagevik
Agenda:
1. Innleiing
2. Runde rundt bordet
3. Aktuelle saker
4. Neste møte, videre arbeid
5. Evaluering av møtet
Forfall: Ole Gunnar, Åslaug (del av møte)
Kopi: Møtedeltakarene
Punkt Tekst Ansvarleg Tidsfrist
1

Innleiing

Stig Arne ønska velkommen til møte i toppleiargruppa og orienterte kort om agenda for møte.

   
2
Runde rundt bordet
 
Arne:
Fin prosess på leiarstillinger. 3 avdelingsleiarar i prosess.
Alle leiarane er snart på plass. Neste steg blir å gå gjennom alle tilsette og følgje opp med samtalar.
 
Marit:
Arbeider med å produsere arbeidsavtaler og bemanningsplaner. Er i gang med bemanningsplaner for Plan og Samfunn og Administrasjon. Startar neste veke med lønnspolisk styringsdokument som som skal til PSU. Vi brukar KS anbefalingar i alt arbeide på personalområdet og er opptekne av god involvering av tillitsvalde i prosessen.
Omstillingsutvalet jobbar godt.
Er i rute i forhald til oppsatt pramdriftsplan på personalområdet.
 
Marianne:
Godt møte med Karita Nes (tenesteleiar SOS) og Laila Beheim (konsulent SOS) som presenterte Min Vakt og rutiner rundt systemet. Vi vil følgje opp dialogen i samband med internkontrollsystem og budsjettarbeid.

Nyttig presentasjon av analyse rekneskap/Kostra 2018 frå Bjørn Arthur Brox frå Agenda Kaupang. Han kjem tilbake med tilsvarande presentasjon for toppleiargruppa, HTV og Fellesnemnda. Analysen vil bli brukt i budsjettarbeidet.

Det vert oppstartmøte med politisk arbeidsgruppe som skal delta i arbeid med økonomi og budsjett denne veka. Økonomireglement, Finansreglement og prishefte skal leggast fram i Fellesnemnda i mai.

Stig Arne
Har jobba mykje med strategi, heilskap og arbeidsmiljø saman med rådmennene i Balestrand, Leikanger og Sogndal.
Har laga oversikt over alle interkommunale avtalar. Planlegg å arrangere dag der vi inviterer aktuelle rådmenn til gjennomgang av alle interkommunale avtalar.

Åslaug
Rundt 1.april kjem mange leveransar frå arbeidsgruppene. Det vert spennande og noko som ein må jobbe vidare med framover. Godt møte med legane i går. Opplever god samhandling mellom kommunane. Blir viktig å etablere godt samarbeid med Plan og Næring framover.

Har delteke på spennande konferanse «aldersvenlege samfunn».

Mykje arbeid i drift som ny kommunalsjef for Helse og Omsorg i Sogndal kommune. Dette blir nyttig erfaring å ha med seg i ny kommune.

Skal halde foredrag for Leikanger pensjonistlag i dag.

   
3

Aktuelle saker

Forslag til leiaravtale ved Stig Arne
Stig Arne gjekk gjennom forslag til leiaravtale, som er utarbeida av personalleiar. Avtalen skal drøftast med tillitsvalde.

Prosjektarbeid ved Stig Arne
Hovudmilepælar for prosjektet vert følgd opp i prosjektmøte framover.

Kultur ved Stig Arne
Magasin til innbyggarane er under arbeid. Vi planlegg eit magasin i mai/juni og magasin nr 2 i oktober.

Innkjøpsansvar i Nye Sogndal Kommune v/Marianne
Vi må ta stilling til korleis vi skal organisere innkjøpsansvar i Nye Sogndal kommune. I dag har kommunane samarbeid med Fylkeskommunen, dette samarbeidet vert avslutta 01.01.2020. I tillegg har kommunane innkjøpskompetanse på ulike avdelingar.

Prosjektrådmann legg ansvaret for innkjøpsområdet til økonomisjef.

Arbeidsgjevarkontroll ved Stig Arne
I dag har Årdal ansvar for interkommunalt samarbeid for arbeidsgjevarkontroll, denne er sagt opp. Lærdal tok i haust initativ til å ta ansvar for arbeidsgjevarkontroll for Indre Sogn. Slik vi les media er vi usikre på samarbeid på Sørsida om dette i dag. Dette bør såleis drøftast i Rådmannsgruppa i Sogn Regionråd på nytt. Nye Sogndal har både kompetanse, kapasitet og motiverte medarbeidarar for slike oppgåver.

 

 

Stig Arne

 

 

Alle

 

Marianne

 

 

 

Stig Arne

 

 

01.04

 

 

Kontinuerleg

 

Snarast

 

 

 

02.04

4

Neste møte

Neste møte er avtalt 3.april der Bjørn Arthur Brox frå Agenda Kaupang kjem og presentere analyse av rekneskap 2018 for Balestrand, Leikanger og Sogndal. Dei hovudtillitsvalde er og invitert på møte.

   
5
Evaluering
 
  • Veldig godt møte og grei gjennomgang
  • God ro og refleksjon i møte
  • Gode konklusjonar i møte
  • Eit av dei beste leiarmøta