Møtt:
Arne Abrahamsen, Åslaug Brænde, Marit Hagevik, Marianne Skjeldestad Hove, Ole Gunnar Krakhellen, Stig Arne Thune, rådgjevarane Tone Bakke og Merethe Relling Trettenes.
Kommunalsjefområda:
Samfunn, næring, drift, teknisk, areal mm. Arne Abrahamsen |
|
Fellestenester Marit Hagevik |
|
Oppvekst Ole Gunnar Krakhellen |
|
Økonomi Marianne Skjeldestad Hove |
|
Helse, omsorg, velferd Åslaug Brænde |
|
Prosjektrådmann / andre opplyste kort om:
- at det vert sett ned ei arbeidsgruppe med tilsette ifrå dei tre kommunane kva gjeld innbyggjartorg
- det har byrja å kome innspel ifrå organisasjonen/ tilsette på administrativt organisasjonskart, vert viktig at alle vert sett og høyrt, sjølv om ein ikkje nødvendigvis vert samde i konklusjonen
- Frivilligheit vert viktig i den nye kommunen, frivilligsentralane vert såleis viktige inn mot lag/organisasjonar og frivillig innsats. Dette ønskjer me å løfte opp som eit av flaggskipa; samarbeid med frivillige
- Toppleiargruppa skal ha samling 10. og 11. desember, planar, prosjektstatus, samarbeid og oppfølging av samanslåingsprosessen 2019-2020
- Tone Bakke og Merethe Relling Trettenes deltek på visse møter knytt til referat, saksførebuing, oppfølging av vedtak, koordinering med meir. Andre sentrale fagpersonar/avdelingar vert invitert inn til møtet avhengig av saker
- Prosjektrådmann og toppleiargruppa ønskjer at leiargruppa i så stor grad som mogeleg skal vere open og transparent, difor vil referat verte lagt ut etter møta