Elevane var opptekne av at ein må ha gode møteplassar i den nye kommunen, gatelys og fortau slik at dei kan komme seg trygt til skulen. Det er òg viktig at ein har venner i lokalmiljøet.
Fritidsaktivitetar, plassar å bu og jobbmoglegheiter var noko av det Kaupangerungdommen trekte fram.
Ordførarane vart ynskte velkomne av rektor Kjell Ertesvåg.