Fredag 17. august lanserte Sogn Avis nettrøystinga der vi kan stemme på våre favorittframlegg til nytt kommunevåpen. Folket kan òg stemme ved å sende brev til avisa. No har du sjansen til å seie di meining, og fristen er 31. august 2018.

20 framlegg er valde ut av juryen, som består av Aud Kari Isane, Rita Navarsete, Kjetil Kvåle, Trude Risnes og Frode Bøthun. Deira målsettingar var at forslaga skal vere samlande for alle innbyggjarane, bitte saman historie og framtid, vekkje attkjenning i natur og/eller kultur, representere utvikling og vekst, samt ha eit tidlaust preg.

Fire profesjonelle aktørar har takka ja til invitasjon frå oss til å levere framlegg til nytt kommunevåpen. Aktørane har tilgang til alt materiell frå idékonkurransen, men element frå Folkets favoritt skal vere med i deira framlegg. Planen er å gjennomføre nytt jurymøte i slutten av september, før saka skal til handsaming i Fellesnemnda for nye Sogndal kommune i oktober, og i dei tre kommunestyra i Balestrand, Leikanger og Sogndal kommunar i desember 2018.

Finalistar folkets favoritt.jpg

Finalistane samla.

Jury 26062018.jpg

Juryen i arbeid.