Delegasjonen møtte representantar frå:

Nordre Follo
Nye Sandefjord
Nye Asker
KS
Inventura 

Ordførar Jarle Aarvoll innleia dagen i Oslo ved å framheve at trekk og tiltak vi høyrde om, har overføringsverdi frå større til mindre kommunar.

Fellesnemnd og deltakarar 5 juni Oslo 2.jpg

Gudrun Grindaker (tidlegare prosjektrådmann i Sandefjord) meinte nye Sogndal kan bli ein mønsterkommune. Kommunereforma kan gje eit felles løft for regionen og kommunal sektor. Ho formidla at ei kommunesamanslåing er langt meir komplisert enn oppkjøp av private verksemder, og at kommunal sektor er svært samansett med tenester frå «vogge til grav,» samt næringsutviklings, lag og organisasjonar og berekraft. Grindaker råda sogningane til å bruke den dokumentasjonen som finst. «Bruk tida godt, og gjennomfør ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Tenk gjennom «kvifor gjer vi dette?» Tilsette, innbyggjarar og samarbeidspartar må forstå tiltaka.» Ho formidla òg at røynda endrar seg undervegs, difor kan det vere behov for å justere retning, og fatte vedtak om det. De bør avklare roller, ansvar og spelereglar tidleg i prosessen.

Gudrun Grindaker.jpg

Sogndal vil få større avstandar. Likeverd i tenestetilbodet, å tilpasse tilbodet vert viktig. Fokuset i Sandefjord var på effektive tenester og å hente ut økonomiske vinstar, noko ein fekk fleire døme på. Grindaker formidla at nokre tilsette må flytte arbeidsstad, og må akseptere det i ein fusjonsprosess. Grindaker kom med råd til både politikarar og administrasjon der bygging av noko nytt skjer gjennom møte, strukturar, og tillit. Engasjement og vilje smitter, gjev energi og arbeidsglede, avslutta ho.

Avgjerder fører til felles handling

Frå Nordre Follo (Ski og Oppegård) møtte ordførar Hanne Opdan, prosjektrådmann Gro Herheim og prosjektkoordinator Ingvill Beck-Olsen. Ordføraren sa at ho opprinneleg var motstandar av kommunesamanslåing, men når vedtaket først vart fatta, måtte ho som politisk leiar vere lojal, og ho er no ein forkjempar for kommunesamanslåinga. Ordførar Opdan kom med mange gode politiske råd til politikarane i Nye Sogndal. 
Kommunereforma er eit politisk og visjonært prosjekt med politisk styring. 
Ein må snu og vende på alt, for å få det endå betre. Det krev politisk mot og tøffare prioritering.
Vi vil ha ein demokratisk arena og engasjere folket i kommunane. 
Det er viktig at tilsette og innbyggjarar kjenner seg høyrde til trass for at dei ikkje sit i rommet der avgjerdene vert tekne. 
Nordre Follo drog på tur til Estland, som er langt framme på digitalisering og involvering. 
Vi løyvde 2,5 millionar kr. til kulturbygging, for at lag og organisasjonar fungerer godt. Det kan ikkje undervurderast. 
Vi gjekk for brei medverknad i starten, so noko smalare etter kvart. Vi hadde felles julebord med kommunestyra. 
Det har mykje å seie for dei tilsette i kommunen, at politikarane framstår samansveisa. 
Vi skal drive politikk på ein god måte slik administrasjonen klarer dette her. 

Gro Herheim.jpg

Kommunelov, kultur og innkjøp

Prosjektrådmann Gro Herheim hevda at kommunen er unik, og då må løysingane òg vere unike. Alle reglement og prosedyrar må gjennomgåast. Ho var svært tydeleg på at endring kan gje motstand, fordi det som har teke generasjonar å byggje opp i ein kommune, det skal vi gjere på to år for den nye kommunen. Ho sa òg at ekstern rekruttering medfører fordelar so vel som ulemper. Likeverdet mellom dei to kommunane er garantisten for å skape noko nytt. Vi skal ville kvarandre vel, og det skal høyrast. Hennar nye leiargruppe vert administrativ styringsgruppe. Prosjekt som arbeidsform i forvaltningsstruktur er krevjande. Ho tilrådde å lage ROS-analyse med foreløpige funn og risikoområde. 
Ingvill Beck-Olsen heldt so ei innleiing om lokaldemokrati og aktiv innbyggjardeltaking. Ho presenterte skilnadane mellom Oppegård med ‘ordning og reda,’ og i «Ski tek vi det som det kjem.» Det gjeld òg for Sogn at dei tre kommunane er ulike. På lik line med Nye Sogndal har òg dei ei arbeidsgruppe som ser på fornying og utvikling av lokaldemokratiet. 
KS ved Frode Lintvedt presenterte dei vesentlege endringane i kommunelova, som vart vedteken 7. juni 2018. 
Inventura ved jurist Dag Thomas Nybø-Sørensen og tidlegare rådmann Christine Norum presenterte alle utfordringane ein ny kommune står overfor når det gjeld innkjøp etter anskaffingsregelverket. Samspelet mellom administrasjon og politikk er viktig. Ei kommunesamanslåing gjev òg høve til å tenkje nytt om kommuneplan, arealdel, samfunnsdel, økonomiplan, beredskapsplan. Diskusjonen om strategisk innkjøpsutvikling er viktig.

Møte med Nye Asker 

Fellesnemnda i Nye Sogndal møtte ei godt budd ordførar Lene Conradi, samt tidlegare industrinestor og varaordførar Leif Frode Onarheim, prosjektrådmann Lars Bjerke og prosjektkoordinator Alf Harald Holmboe i Asker kommunestyresal. Sjølv om Nye Asker med sine nær 95 000 innbyggjarar er vesentleg større enn den nye storkommunen i Sogn, er det likevel mange fellestrekk mellom kommunesamanslåingane.
Politisk leiing kom med fleire råd, og delte villig erfaringane sine. Lene Conradi formidla at dette er eit stort og komplekst prosjekt. Vi er opptekne av partssamarbeidet for å få med dei tilsette på laget. Nye Asker går mellom anna frå 20 til 8 direktørar i prosessen. Lars Bjerke heldt fram: «Kommunereform handlar i stor grad om menneske og folk, verdiar, identitetar og tradisjonar. Sjølv med desse tre kommunane er det stor ulikskap.» Det er viktig med forståing, likeverd og gjensidig respekt. Det skal byggjast noko heilt nytt med sju tettstader. Nye Asker desentraliserer, dei vil vere der folk bur.

Alf Harald Holmboe - Lars Bjerke - Lene Conradi - Leif Frode Onarheim.jpg

Administrasjonen er begeistra over folkevalde som løfter blikket og inntek ei framtidsretta og strategisk orientering. Kommunikasjonsstrategi og informasjonsstrategi er særs viktig. Prosjektrådmannen formidla òg at det kontinuerleg vert stilt høgare krav til kompetanse i administrasjonen, og for å unngå for stort gap mellom administrasjon og politikk har ein òg styrka opplæringa av dei folkevalde. 

Ein har òg sett i verk ein felles kulturkalender kalla Aktiv Asker. Her kan kommunar, lag og organisasjonar samt næringsliv leggje inn ulike aktivitetar som innbyggjarane kan nytte. 
Ordførar og prosjektrådmann framheva at Nye Asker er ein av mange kommunar i Noreg, men òg i verda, og at dei hever seg over einskilde kritiske røyster i frå innbyggjarar og media, når dei vel å reise ut for å hente inspirasjon og læring frå andre, anten det no gjeld Estland, Danmark, Abu Dhabi, eller New York. Det viktigaste for Nye Asker er å heve blikket og hente beste praksis frå andre. 

Ordførar Conradi og varaordførar Onarheim formidla kor viktig det er at politikarane i fellesnemnda tenkjer utover eigne interesser og hevar seg over partipolitikk når det gjeld å skape ein ny kommune

 

Fellesnemnda 6618 1.jpg

Alle innleiarane fekk med seg boka «Opplev Sognefjorden» av Ingrid og Finn Loftesnes med ei helsing frå leiar av Fellesnemnda Jarle Aarvoll.

Til sist vart det gjennomført møte i Fellesnemnda for nye Sogndal kommune med saker som delegeringsreglement, Bli kjent-fond, kommunikasjonsstrategi og høyringsuttale om rutetilbod for 2019.