Eit listeforslag må vere underskriven, og underskriftene må stå på same ark som listeforslaget for å vere gyldig. Tal på underskrifter avheng av om partiet er registrert i partiregisteret og partiet si oppslutning ved førre stortingsval.

Registrerte parti som har fått minst 500 stemmer i eit fylke eller 5000 stemmer i hele landet (forenkla regelverk) ved førre stortingsval, krev underskrift av to styremedlemmer av partiet si lokalavdeling med ansvar for valdistriktet lista gjeld for. Det same gjeld for parti som er registrert i partiregisteret etter førre stortingsval. Sjå kva part som kan stille til liste etter forenkla regelverk. Styremedlemmene som skriv under på listeforslaget må ha stemmerett i valdistriktet.

For grupper/parti som ikkje fyller krava til «forenkla modell» må det bli samla inn minst 300 underskrifter på listeforslaget frå personer med røysterett i Balestrand, leikanger eller Sogndal kommune, sjå underskrifter på listeforslag for meir info.

Underskriftene er underlagt teieplikt og skal ikkje bli offentleggjort, jf. valforskrifta § 13, vallova § 15-4 og forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1.