11. og 12. april drog prosjektrådmann Stig Arne Thune med leiar for Fellesnemnda Jarle Aarvoll til Gardermoen for å delta på erfaringsseminar for nye kommunar. Dei andre utsendingane var ordførar Harald Offerdal, varaordførar Trude Risnes, rådmann Jostein Aanestad, tillitsvalde May Sirikit Bakke, Åge Skrede, Steinar Øydvin og Siv Laila Eriksen, verneomboda Frank Nymark og Christian Kleiven, IKT-prosjektleiar Steinar Henriksen og prosjektkoordinator Kjell Einar Barsnes. På samlinga deltok  over 500 deltakarar frå heile landet, og alle frå Nye Sogndal knytte nye relasjonar for vidare erfaringsdeling. 

Erfaringsseminar på Gardermoen april 2018

Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Aase Marthe J. Horrigmo opna seminaret og deretter kunne deltakarane sjølve velje sitt eige program beståande av formidlingsseminar, erfaringsseminar og utfordringsseminar. Døme på titlar frå sesjonane er: Endringsleiing og omstilling, Kommunikasjon og kulturbygging, Omstilling og arbeidsrettslege problemstillingar, Politisk og administrativ organisering, Arbeid med digitalisering, Interkommunale samarbeid og selskap og Strategisk planlegging.

Utsendingane frå Balestrand, Leikanger, Sogndal og prosjektorganisasjonen til Nye Sogndal hadde stor nytte av seminaret og fekk òg høve til å bli betre kjende og diskutere problemstillingar kring pågåande og føreståande prosess. I ei økt vart vi samla i ei arbeidsgruppe og fekk alle komme med tre tema vi ser som viktige framover. Omstillingsavtale, arbeidsgjevarpolitikk, kommunikasjonsstrategi, politisk kultur, arbeidsmiljø, organisering, prosjektplanar, omsorgsplikt og styringsrett var berre nokon av dei tema som vart tekne opp i fellesskap. 

Erfaringsseminar på Gardermoen april 2018 bilete 2

Openheit og innbyggjarinvolvering vert òg verdiar vi kan einast om i dette prosjektet. Jarle Aarvoll understreka at vi må framsnakke kvarandre som gode naboar og møtast jamleg. Fokuset må rettast mot det som er viktig å avklare på eit tidleg tidspunkt, og delegasjonen var samde om at vi er inne i eit spanande prosjekt! 

Laurdag 14. april stiller Aarvoll som ankermann for Nye Sogndal i Kjeringi Open, les meir i Sogn Avis.