Illustrasjon val 2019

Valet i 2019 skal gjennomførast som om Sogndal kommune allereie er sett i drift.  Alle som røyster ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i Sogndal kommune som trer i kraft 1. januar 2020.

Det skal veljast 37 representantar frå dei forskjellige partia til det nye kommunestyret.

Du avgjer sjølv om du vil røyste ved både kommunestyrevalet og fylkestingsvalet, eller om du vil stemme berre til det eine valet. Du kan berre røyste ein gong.
Du vil finne røystesetlar til begge vala i valavlukket.

Sidan den nye kommunen skal nytte elektronisk manntal, kan veljarane stemme kvar dei vil i den nye kommunen, òg på valdagen.

Døme: Er du folkeregistrert i Balestrand kan du stemme ved alle lokale med førehandsrøysting i nye Sogndal kommune før valet, og i alle røystekrinsane på valdagen.

Røystekrinsar 2019

Krins Opningstider
Fjordane 13.00 - 19.00
Fjærland 13.00 - 20.00
Kaupanger 09.00 - 20.00
Leikanger 10.00 - 20.00
Norane 13.00 - 20.00
Sagatun 13.00 - 20.00
Trudvang 09.00 - 20.00

 

Medlemmar i valstyret 2018 - 2019

Frå Valgdirektoratet

Deg og valet