Kommunestyre for nye Sogndal kommune har vedteke politisk reglement i møte 03.10.2019, sak 6/2019. I samband med det skal det veljast eldreråd for perioden 2019 - 2023
 

 

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 

Val og samansetting 
Kommunestyret vel 7 medlemmer, inklusiv leiar og nestleiar. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar. Ein representant frå komité for levekår er medlem i rådet. 
 
Mynde og ansvarsområde 
Rådet skal arbeide med saker som viktige for personer med nedsett funksjonsevne. Arbeidsområde er til dømes universell utforming, tilgang til tenester og arbeid mot diskriminering, grunna nedsett funksjonsevne. 
Kommunestyret skal ha rutinar som sikrar at rådet tek i mot saker på eit så tidleg tidspunkt i sakshandsaminga, at slik at det er mogleg for rådet til å påverke utfallet av saka. 
 
Rådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem personer med nedsett funksjonsevne i kommunen. Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka. Rådet skal ikkje behandle saker som gjelder avgjer for enkeltpersoner.  Rådene skal kvart år utarbeide årsmelding som skal leggast fram for kommunestyret.
 
Vi ynskjer i samband med dette innspel på medlemmar til råd for personar med nedsett funksjonsevne for nye Sogndal kommune for perioden 2019 – 2023.
 
Innspel skal sendast til 
Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal
eller på e-post: postmottak@sogndal kommune.no.