Dersom du har flytta etter 30. juni, står du innført i mantallet i den kommunen du har flyttet frå, sjølv om du har meldt flytting. Om det ikkje er mogleg for deg å røyste der på valdagen, kan du førehandsrøyste der du bur i dag. Røysta di vil då bli sendt til din heimkommune.

Viktig at du tek med deg legitimasjon når du skal røyste, og ta gjerne med valkortet ditt.

Oversikt over vallokale i nye Sogndal kommune - 9. september 2019:

Balestrand:

  • Fjordtun oppvekstsenter
    13.00 - 19.00
  • Balestrand bygdahus
    13.00 - 20.00

Leikanger:

  • Saften Leikanger
    10.00 - 20.00

Sogndal:

  • Fjærland oppvekstsenter
    13.00 - 20.00
  • Kaupanger skule
    09.00 - 20.00
  • Norane oppvekstsenter
    13.00 - 20.00
  • Sogndal kommunehus
    09.00 - 20.00