Listeforslag skal ha vedlegg med følgjande informasjon, dersom det ikkje går fram av listeforslaget:

  • Oversikt over kandidatane sine namn og fødselsdatoar
  • Oversikt over fødselsdato og bustadadresse til dei som har underskrive
    Det er ønskjeleg at tillitsvald og vararepresentant òg fyller inn kontaktinformasjon slik at ev. forhandling vert meir effektiv, men dette er ikkje eit krav

Erklæring frå kandidatar skal leggjast ved i følgjande tilfelle:

  • Dersom kandidaten ikkje er innført i folkeregisteret som busett i Balestrand, Leikanger eller Sogndal kommune når listeforslaget blir levert inn, må det ligge ved ei erklæring frå kandidaten om at vedkommande vil vere valbar på valdagen. Dvs. at vedkommande vil vere registrert som busett i kommunen på valdagen
     
  • Dersom en kandidat ikkje er valbar på grunn av stillinga si, må det leggjast ved ei erklæring frå kandidaten om at vedkommande vil ha fråtredd stillinga når kommunestyret trer i funksjon. Sjå vallova § 3-3 nr. 3 for meir informasjon